Velkomen til innspurt før vinterferie
( 18.02.2019 )
Artikkelbilde 

Velkomen til siste veka før vinterferien. Verkstadane skal avsluttast i veka her, så det er ikkje ordinær undervisning i veka her heller. (Gjeld ikkje Takt og Tone, Drama og biletkunst). Vi håper at alle har opplevd verkstadane som positive og lærerrike, og at alle deltakande familiar kan svare på evalueringsskjema, som kjem ut på mail mot slutten av veka.

Tysdag 18.februar kl 13.00 er det premiere på dei eldste dramaelevane si forestilling Respekt. Det er ei skuleforestilling for 7.klasse på Langevåg Skule, men om det er nokon andre som vil sjå, så er det berre å komme. Gratis inngang. 

Vi ynskjer alle saman lykke til med veka.

Mvh

Ingolf Rektor 


Les meir

Nye satsar for elevbetaling
( 07.01.2019 )

Artikkelbilde

Kommunestyret vedtok 13. desember 2018 nye satsar for elevbetaling i Sula Kulturskule. Desse gjeld frå 01.01.2019:

 Vedtak:

 

 

Sula kommunestyre vedtar justering av betalingssatsane ved kulturskulen slik det går fram av saka:

...

Les meir
 
Ynskjer du å bli elev?
( 19.11.2018 )

Artikkelbilde

No er det klart for å søke på elevplass i Sula Kulturskule for vårsemesteret 2019. Vi ynskjer fleire elevar på drama og på kor for ungdomsskule og oppover. Vi tilbyr også band som tilbod for fyrste gong utan at du treng å ha elevplass, eller har vore elev ved kulturskulen. Kyrkjemusikk er eit nytt fordjupingstilbod til våre eldste pianoelevar. Les meir i vår brosjyre

 

Frist for å søke er 10. desember, men vi tar i mot søkarar gjennom heile året. 

 

Om du er ny søkar trykker du du her 

Om du er eksisterande elev eller på venteliste trykker du her for å søke på ny disiplin/fordjupingstilbod, oppdatere informasjon osb  

...

Les meir

Referat frå foreldremøte 26. september
( 02.10.2018 )

Artikkelbilde

Takk til alle som deltok på foreldremøtet 26. september. Her er rektor sin presentasjon og oppsummering av gruppearbeid. 

Det var veldig kjekt å få tilbakemeldingar på vårt arbeid, og det å få oppleve at så mange satt i same rom og snakket kulturskule gjorde veldig godt i hjartet. kanskje vi skal invitere politikarane neste år?

...

Les meir
 
Ny pedagogisk plattform
( 17.04.2018 )

Artikkelbilde

Dei siste to åra har Sula Kulturskule vore med på eit veiledningsprosjekt med Norsk Kulturskuleråd for å implementere ny rammeplan i vår kulturskule. Dette har ført til to konkrete resultat. Vi har starta kulturkarusell på 3.trinn på Langevåg Skule og vi har laga ei ny pedagogisk plattform for Sula Kulturskule. Vår nye visjon er: Sula Kulturskule - tradisjon, kreativitet og opplevingar. 

Her kan du laste ned vår nye plattform

 No starter vi jobben med at visjonen og plattforma skal sette sitt preg på vår undervisning og organisering av undervisning neste skule år. Dette blir spanande.

...

Les meir
 
Planlagde aktivitetar
11.02 Prosjektveker med komposisjon som tema
28.03 Open Scene
11.04 Open Scene
28.04 Kvitveisdag 2019
02.05 DonkenRock 2019
06.06 Sommerforestilling 1
06.06 Sommerforestilling 2
Klikk for fleire aktivitetar...
 


Sula Kommune
Ungdommens Kulturmønstring

Norges musikkorps forbund

Kulturskolerådet

Facebook
 
Footer bilde