Artikkelbilde

God sommar

Då runder rektor av dette skuleåret også, og tar ferie. Sula Kulturskule har gjeve tilbod om 250 elevplassar til hausten. Om du står på venteliste, eller kjenner du har lyst til å synge saman med andre, så søker du på Kortilbodet vårt. Søk på elektronisk skjema under "Bli elev"-fana i toppmenyen. Det er også ledige plassar på drama.

Dag-Filip Roaldsnes har fått innvilga 20% permisjon neste skuleår, så Maria Hiteva er tilsett i 20% vikariat for ham. Velkommen på laget, Maria.

Rektor har ferie frå 5.juli og til 8. august. Kontoret vil vere stengt i den perioden. Eg sjekker mail i ny og ne.

Lærarane vil kontakte elevane (heimane) i veke 34, og undervisninga starter i veke 35. 

Følg(like) Sula Kulturskule på Facebook for meir og raskare informasjon.

God sommar!



Tilbake
 
Planlagde aktivitetar
22.11 Open Scene
27.11 Open Scene med jazzorkesteret
06.12 Stjerneskimmer
13.12 Juletrefest m/teaterforestilling & kunstutstilling
Klikk for fleire aktivitetar...
 


Sula Kommune
Ungdommens Kulturmønstring

Norges musikkorps forbund

Kulturskolerådet

Facebook
 
Footer bilde