Artikkelbilde

Elevinformasjon 2 2015-16

Denne vart sendt til alle 10. november


Hei alle saman.

 

No går det raskt mot jul. og det er mykje som skjer. Her er litt kjapp info:

 

Vekestart-ord frå rektor

Kvar måndag ynskjer rektor alle velkomen til ny veke, og kjem med informasjon om kva som skal skje, og om det er noko spesielt kommende veke. Dette har til no berre vore på Facebook-sida, men eg legg det frå no av også på heimesida. Det er lurt å gjere det til ein vane, og få med seg dette. Det enklaste er da å «like» Sula Kulturskule på Facebook. Her er lenke til denne veka sine oppstartsord index.php?artikkelvalg=vis_innhold&visning=1&id=354&kat=26

 

Kulturskuledagar i Molde

Dei fleste lærarane skal på kurs i Molde torsdag og fredag denne veka. Lærarane gjev sjølv beskjed om dei skal eller ikkje.

 

Frist for inn/ut-melding

Det er no mogleg å søke på elevplass/endre disiplin heile året. Lenke til skjema er her: index.php?artikkelvalg=vis_innhold&visning=1&id=29&kat=14 Men for å vere med i hovudopptaka er fristane 20. april og 10. desember. Desse fristane gjeld også for å avslutte elevforholdet i Sula Kulturskule. Om du ikkje seier frå deg plassen innan dei fristane, må du betale for neste semester.

 

Open Scene

Det er Blåseseksjonen som har open scene 19. november kl 19.00 i amfiet. Vi oppmodar alle blåseelevar om å delta, og i det minste kome å høyre på som publikum. Det vil bli solistar, små ensemblar og fellesnummer.

 

Sulanissen og Svansnissen

Dramagruppa presenterer også i år Sulanissen og Svansnissen. Det skjer 29. og 30. november og 1. desember. I år er forestillinga i amfiet på Kulturskulen. Les meir om forestillngane og kjøp billetter her index.php?artikkelvalg=vis_innhold&visning=1&id=352&kat=26

Plakaten er også vedlagt her i mailen, skriv han ut og hjelp oss å spreie bodskapen til alle i Sula.

 

Utstilling

Kunstpensjonistane viser sine kunstverk på Sula Bibliotek i perioden 5. desember til 14. desember. Dei andre biletfag-elevane skal ha ein elevkveld i desember, men alt er ikkje heilt klart. Informasjon kjem.

 

Stjerneskimmer

Torsdag 10. desember kl 20.00 er det tid for kulturskulen sin adventskonsert i Langevåg Kyrkje. Det kjem meir informasjon om dette på Facebook og på heimesida, men hald av kvelden. Vi ynskjer å setje deg i julestemning…

 

Det var alt for denne gang. Håper alle får ein fin november, og at all planlegging og øving gjev resultat i form av gode prestasjonar på våre framsyningar. Full oversikt om alt finn du på Facebook og på http://www.sula-kulturskule.no

 

 

Mvh

Ingolf Dragset


Tilbake
 
Planlagde aktivitetar
24.10 Open Scene
14.11 Jazzorkester-konsert og Open Scene
29.11 Open Scene - blåsekveld
05.12 Dramaforestilling
19.12 Juleavslutning
Klikk for fleire aktivitetar...
 


Sula Kommune
Ungdommens Kulturmønstring

Norges musikkorps forbund

Kulturskolerådet

Facebook
 
Footer bilde