Artikkelbilde

No nærmar det seg

Her kjem fyrste vekehilsen dette skuleåret. Vi lærarane har planleggingsdager denne veka, og dermed er det like før at skuleåret blir sparka i gang. Om det er nokon som har plass, men som ikkje vil ha den, så må dei gje beskjed om det straks. Lærarane kontakter sine elevar i løpet av neste veke.

Rett før ferien fekk vi beskjed om at vår gitarlærar gjennom mange år, Trond Rødland, har fått permisjon i eit år, for å bli spespedlærar på Fagerlia. Det kom brått på, og vi ynskjer Trond lykke til med eit år utan Sula Kulturskule. Vi var så heldige, å finne vikar raskt. Øyvind Hessen (biletet)blir vikar for Trond dette skuleåret. Han er 33 år frå Ålesund. Har jobba fem år i Kongsvinger Kulturskule. Han har bachelor i musikk frå Høgskulen i Volda med hovedinstrument gitar, men speler også trompet. Er aktiv i mange band i dag. Vi ynskjer Øyvind hjarteleg velkomen til vår kulturskule, og rektor ynskjer alle dei andre supre lærarane velkomen tilbake på jobb.



Tilbake
 
Planlagde aktivitetar
28.08 Undervisningsstart
Klikk for fleire aktivitetar...
 


Sula Kommune
Ungdommens Kulturmønstring

Norges musikkorps forbund

Kulturskolerådet

Facebook
 
Footer bilde