Artikkelbilde

Opptak er gjort, så no er det god sommer!

No er opptaket for neste skuleår gjort, og alle elevar og ventelisteelevar har fått mail. Vær vennleg å gi raskt beskjed om du ikkje vil ha tildelt elevplass, eller om noko er uklart. Vi minner om at det er ledige plassar på drama, kor og elektronisk musikk. Det er gode alternativ som fag i tillegg, og hvertfall istaden for å berre stå på venteliste. Meld på via SpeedAdmin i dag.

Lena Nymark har valgt å slutte hos oss. Vi vil takke ho for den strålande jobben ho har gjort i Sula Kulturskule gjennom 11 år. Maria Hiteva og Håkon Hagen Knutsen har takka ja til faste stillingar, så dei tar over Lena sin jobb. Det blir bra. 

Kontoret blir stengt frå 3. juli til omlag 5.august.  

Vi ynskjer alle saman ein riktig god ferie. Undervisninga startar i veke 35, og lærarane tar kontakt i veke 34 for å avtale undervisning.

Mvh

Ingolf rektor 

 



Tilbake
 
Planlagde aktivitetar
Klikk for fleire aktivitetar...
 


Sula Kommune
Ungdommens Kulturmønstring

Norges musikkorps forbund

Kulturskolerådet

Facebook
 
Footer bilde